| Startsida | Vurdering skule | Vurdering barnehage | Glansbilete | Kontakt | Kurs | Lokale læreplanar | Søkeside |

 

Kurs

Foilar frå kurs

LUIS-samling i Eidfjord
24. - 25.10.2007

LUIS-samling i Ulvik
05.-06.02.2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Startsida -> Kurs

Kurs

Skulekonferanse 8. september 2010

Temaet for konferansen vert:

” Kvalitet i skulen”
Korleis kan politikarar, administrasjon og skuleleiarar skape ein god skule?

Hovudførelesar vert Knut Roald frå høgskulen i Sogn og Fjordane.

Knut Roald er dosent ved høgskulen og underviser no i utdanningspolitikk og skuleleiing.
Han har nyleg fullført doktorgrad innan kvalitetsvurdering i skulen.
Frå tidlegare arbeid har han lang røynsle som lærar.rektor og skulesjef.
I desse dagar er Knut Roald invitert av departementet til å presentera forskingsresultata sine om kvalitetsspørsmål på nasjonalt nivå.

Knut Roald vil innleia dagen, 8. sept, med hovudlinjene i kvalitetsarbeid.
Etter lunsj kjem ein kommune og presenterar konkret korleis kommunen har jobba systematisk med kvalitetsutvikling.
Me kjem attende med meir info seinare.

Det er flott at kommunal-oppvekstsjefane informerer sine ordførarar, rådmenn, skuleleiarar og interesserte politikarar om denne viktige konferansen!


Mentorutdanning

Vedkomande mentorutdanning er det lurt å lesa stortingsmelding nr 11.

Frå høgskulen i Bergen har me fått fylgjande tilbod om vidareutdanning.
Høgskulen i Bergen tilbyr vidareutdanning 2010 - 15 studiepoeng etter fylgjande modell:

Vidareutdanning for mentorar er gratis.

6 kveldsamlingar hausten 2010 frå kl 17-21 på høgskulen med eigenstudie og ei skrifteleg oppgåve i januar til eksamen.

Studentar må ha 3 års røynsle som lærar. For dei som tidlegare har pedagogisk rettleiing i si utdanning er dette studiet flott som påbygging.
HIB kan og eventulet tilby dette studiet desentralisert, men kan då ikkje lova at det vert gratis.

I høve etterutdanning er det ikkje aktuelt for dei som tek vidareutdanning for mentorar, men HIB kan tilby etterutdanning etter valeg godtgjersle.


Kvalitetsvurdering i skule og barnehage

 

Kursinformasjonen er i pdf-format

Last ned Adobe Reader her!

 

 

Sist oppdatert 16.08.2010