-> Vil du vera med i den regionale vurderingsgruppa for barnehagar i Hardanger/Voss?
Hardanger/Voss 12.01.2009
Vil du vera med i den regionale vurderingsgruppa for barnehagar i Hardanger/Voss?
Stat og kommune, brukarane og dei tilsette i barnehagen er alle opptekne av kvaliteten i barnehagen.
Dei aller fleste barnehagar er opptekne av å utvikla seg, og å gjera tilbodet til barn og føresette best mogeleg og har i mange år vurdert arbeidet sitt, eller deler av det, for at kvaliteten skal vera god.
Hardanger og Voss kompetanseregion er eit samarbeidsorgan for kommunane Eidfjord,
Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss. Regionen har vedteke at det skal vera ei vurderingsgruppe for barnehagen som skal hjelpa barnehagane arbeidet. I det regionale samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte.
Grunngiving av behovet for ekstern vurdering i barnehage finn ein i Rammeplan for barnehage 2006, Kap. 4.3 Vurdering av arbeidet i barnehagen ”Vurdering som blir gjort tilgjengelig for andre, kan bidra til åpen og bred debatt om barnehagens mål, innhold, oppgaver og kvalitet.” Vidare seier rammeplanen at ”Systematisk vurderingsarbeid legger grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon”. (Rammeplan for barnehage 2006, s.50)
Føremålet er at vurderingsgruppa skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i barnehagen.
Sikra kvalitetsutvikling
Erkjenning av at barnehagen treng, og kjem til å få ”auge utanfrå”
Ekstern hjelp i vurderingsarbeidet
Oppfylla kravet i Lov om barnehagar §16 om kommunen sitt ansvar for tilsyn.
Kven er vurderingsgruppa?
Vurderingsgruppa er sett saman av førskulelærarar frå regionen Hardanger/Voss, pedagogar med brei erfaring og variert pedagogisk bakgrunn.
Målet er at me skal vurdera dei kommunale barnehagane i regionen i løpet av 6 år.
Ingen vurderer barnehagar i eigen kommune.
Vurderingsgruppa har behov for fleire vurderarar. Dersom du lyst å vera med, kan du senda elektronisk søknad til leiar i vurderingsgruppa for barnehage, Marianne Meling, innan 30. januar 2009. E-postadresse:: marianne.meling@ullensvang.herad.no
Kriterium:
du må vera interessert i kvalitetsutvikling i barnehagen
du må ha lyst til å læra meir
du må ikkje vera redd for å jobba mykje i perioda du må ha respekt for dei som jobbar i barnehagar
førskulelærarutdanning
Med helsing
Vurderingsgruppa for barnehage, Hardanger/Voss
v/ Marianne Meling