Med utgangspunkt i gode erfaringar med skulevurdering etter Hardanger/Voss metodikken gjekk ei prosjektgruppe med Turid Mykkeltvedt som leiar i gang med å laga tilsvarande vurderingsprogram for barnehagar. Prosjektet fekk tilskot frå Utdanningsdirektoratet v/ ”Kunnskapsløftet – frå ord til handling” og eigne kommunar.
Kvifor vurderingsgruppe?
Føremålet er at gruppa skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i barnehagen.
• sikra kvalitetsutvikling i barnehagane
• erkjenning av at barneahgen treng, og kjem til å få «auge» utanfrå
• ekstern hjelp i vurderingsarbeidet
• oppfylla kravet i Lov om barnehagar §16 om kommunen sitt ansvar for tilsyn
Kva gjer vurderingsgruppa?
• kjem på vurderingsbesøk
• vert kjent – ser og har dialog – vurderer – tilbakemelder –
• ny dialog – rapport
• deler si erfaring med barnehagen
• gjev barnehagen skriftleg rapport med positive sider og utviklingsområde
Motto: «Ein fot i bakken»
Vurderingsgruppa har tru på ...
• det enkle framfor det svulmande
• dokumentasjon framfor synsing
• kontinuitet framfor «happening»
Dette er viktig…
Regionssekretær lagar ein rotasjonsplan over 3-5 år der kommunane er fordelte.
Vanlegvis vil to frå vurderingsgruppa (vurderingspar) gjennomføra ei vurdering i den einskilde barnehage.
Ingen i gruppa vurderer barnehagar i eigen kommune.
Vurderingsparet tek kontakt med barnehagen det gjeld, presenterer seg og informerer om vurderinga.
Barnehagane gjennomfører ein ståstadsanalyse i førekant av vurderinga, og vel fokusområde i samsvar med resultata av analysen
Tidsplan for vurderinga vert avtalt .
Vurderingsparet får resultata frå ståstadsanalysen og bakgrunnsmateriell om barnehagen, t.d. årsplan, vekeplanar, brukarundersøkingar og annan informasjon som er viktig i førebuingsarbeidet.
Vurderingsparet førebur sjølve vurderinga av barnehagen. Utarbeiding av kriterium, teikn på god praksis, metodeval og verktøy vert tilpassa det barnehagen ynskjer fokus på.
Vurderingsparet er i barnehagen i inntil 5 dagar. Det mest vanlege er 4 dagar, men vurderarane har høve til å utvida tal dagar ut frå barnehagestorleiken m.m.
Etter ei vurdering skal det lagast ein rapport som skal vera offentleg. I tillegg skal det lagast eit vurderingsvedlegg som skal vera barnehagen si eige
Rapporten skal vera konkret og til hjelp
Rapporten vert lagt fram for tilsette i den aktuelle barnehage den siste vurderingsdagen. Barnehageeigar skal vera til stades under framlegginga (barnehagefagleg ansvarleg og/eller rådmann, ordførar, andre politikarar). Politiske fora i kommunen får ei kort orientering om rapporten i ettertid
Barnehagefagleg ansvarleg bør vera med i ei drøfting av utviklingsområda i etterkant, gje støtte og hjelp
Etter seks månader legg styrar fram ein rapport for barnehagefagleg ansvarleg og/eller rådmann
Barnehagen skal ha ei skriftleg tilbakemelding på rapporten frå barnehageeigar