Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORTKYSNES SKULE
19. – 21. oktober 2004 1 Føreord Regionalt samarbeid om vurdering og kvalitetsutvikling Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 28 (1998-99) ”Mot rikare mål”, vart det sett i gang eit 3-årig nasjonalt prosjekt : ”Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid”. Hordaland søkte, men kom ikkje med i prosjektet. Likevel var signala der, og kommunane vart oppmoda om å jobba med kvalitetsutvikling og vurdering. Desse signala er forsterka i Stortingsmelding 30 2003/04, og i Innstilling S. Nr 268, som er bakgrunnen for Stortinget sitt vedtak om endringar i skulen. Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i kommunane i Hardanger/Voss har såleis vedteke å oppretta ei vurderingsgruppe i regionen. Regionen består av mange små kommunar som kvar for seg ikkje maktar å gjennomføra ekstern vurdering. I det regionale samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Føremålet er at vurderingsgruppa skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulen. · Sikra kvalitetsutvikling · Erkjenning av at skulen treng, og kjem til å få ”auge utanfrå” · Ekstern hjelp i vurderingsarbeidet · Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunen sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderer si eiga verksemd Kven er vurderar ? 10 personar i Hardanger/Voss er medlemmer i vurderingsgruppa. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera dei 48 grunnskulane i regionen i løpet av 6 år, dvs. 8 skular pr år. 2 frå gruppa (vurderingspar) gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. Kva gjer vurderarane ? · Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skulefagleg ansvarleg i kommunen · Vurderingsparet førebur sjølve vurderinga gjennom eit fyrste møte med skulen, utarbeiding av kriterium, metodeval og verktøy tilpassa det skulen ynskjer fokus på. · Sjølve vurderinga vert gjennomført. Rapporten Vurderingsparet skriv ein rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekker fram verksemda sine sterke sider, og kva utfordringar skulen har. Han gjev også informasjon om rammene for vurderinga – tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men kanskje eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med innan det fokusområde som er vurdert. Det er ynskje at dei reiskapar og metodar som har vorte nytta, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. 2 FAKTA OM SKULEN Kysnes skule ligg i Jondal kommune, og er ein fådelt skule med 24 elevar. Skulen har ikkje SFO. Elevane i 1. – 4. klasse har undervisninga si fordelt over 4 dagar, med tysdag som fridag. Skulen har ein assistent og fire tilsette lærarar, inkludert rektor. Personalet har arbeidstid frå 08.00 til 15.00 kvar dag, og har langdag til 16.00 på onsdagar. Verksemdsplanen for skulen 2004-2005 har to målsetjingar:
Skulen har som tiltak å utvikla den sosiale kompetansen til elevane og å utvikla tilpassa opplæring. 3 VURDERINGSTEMA Kysnes skule har bede om vurdering på følgjande tema : Elevane sin sosiale kompetanse/ elevane sitt læringsmiljø: Korleis kan eit betre elevmiljø føra til større arbeidsglede og læring ? Dei tilsette er opptekne av det sosiale miljøet: Tryggleik og trivsel må liggja i botnen for eit godt læringsmiljø. Dessutan er det viktig å bruka tildelte tidsressursar på ein føremålstenleg måte, saman med fokus på arbeidsmetodar i høve tilpassa opplæring. 4 KRITERIUM/KVALITETSKRAV Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriterium er henta frå lov, regelverk, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderingsparet gjennomfører ei vurdering, vert kriterium samanlikna med den informasjon som er samla om temaet gjennom intervju og observasjon på skulen, i tillegg til dei dokument som skulen har lagt fram. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderingsparet, og godkjende av skulen.
5 DELTAKARAR I VURDERINGA
Grunngjeving for val av informantar I vurderingsarbeid er det svært viktig å involvera dei partane det gjeld. I ei vurdering av skulen sitt pedagogiske arbeid, læringsmiljø, trivsel og læring, er det naturleg å involvera alle elevane og dei tilsette. Foreldra er også ein viktig del i høve elevane si læring og arbeidsglede. Difor har det vore naturleg å høyra deira meiningar. Kysnes er ein liten skule, og det har vore mogeleg for vurderarane å snakka med alle tilsette, elevar og foreldre. 6 TIDSBRUK Det er avsett 1 veke til å vurdera ein skule. Dette inneber i hovudsak ein startdag der vurderingsparet møter skulen for fyrste gong for avklaringar og planlegging. Under sjølve vurderinga, er vurderingsparet på skulen i inntil 3 dagar. Skulen får rapporten umiddelbart etter vurderingsdagane. I forkant og undervegs førebur vurderingsparet informasjon, metodar, verktøy og driv informasjonsbearbeiding og oppsummeringar. Å gjennomføra ei kvalitetsvurdering på 3 dagar er knapp tid, og inneber ei avgrensing av vurderinga. Tidsbruk på Kysnes skule: Vurderingsparet var på skulen i til saman fire dagar: 7. september- Førebuande møte med rektor og lærarar. Etter 7. september utarbeidde vurderingsparet spørjeskjema som alle foreldre og alle elevane fylte ut. Utifrå konklusjonane der, vart det laga kriterium og teikn på god praksis innan temaet. Desse vart drøfta med skulen, og godkjende av dei. Sjølve vurderingsdagane 19., 20. og 21. oktober 19. okt. - Informasjonsinnhenting: Samtaler med elevane Foreldremøte om kvelden -
Informasjonsbearbeiding etter samtalar og observasjonar 21. okt. - Rapportskriving. TIDSPLAN FOR KYSNES SKULE 2004Vurderingstema: Elevane sin sosiale kompetanse / elevane sitt
læringsmiljø:
Korleis kan eit betre Vurderarar : Turid Solberg Mykkeltvedt og Aud Opheim Lygre, frå vurderingsgruppa
7 METODAR Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle- og gruppesamtalar, møte og observasjon. I denne vurderinga er følgjande metodar nytta: Dokumentanalyse Skulen sende vurderingsparet diverse relevante dokument, til dømes verksemdsplan, generell informasjon om arbeidsplanar og vekeplanar. Spørjeskjema I forkant av skulebesøket sende vurderingsparet ut eit spørjeskjema for elevane i 1. – 4. klasse, eitt skjema for 5. – 7. klasse og eitt skjema for foreldre. Alle elevane og foreldra fylte ut skjema. Desse vart returnerte til vurderingsparet for oppsummering. Oppsummering av spørjeskjema Oppsummeringa gav overflatekunnskap om trivsel og læringsmiljø, arbeidsplanar og innblikk i tilbakemeldingar og kommunikasjon. Kriterium og teikn på god praksis Vurderingsparet utarbeidde kriterium og teikn på god praksis med utgangspunkt i L-97, skulen sine planar og resultatet av spørjeundersøkinga. Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjera djupdykk i temaet, laga vurderingsparet samtaleguidar for samtalar med elevane og opplegg for foreldremøte. Vurdering Vurderingsparet føretok ei vurdering, ved å spegla utsegnene frå elevane, foreldra og dei tilsette opp mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga vart det trekt ein konklusjon. 8 SKULEN SINE STERKE SIDER INNAN VURDERINGSOMRÅDET Jondal 14. mars 2002. à Skulen må leggja til rette for at alle elevar kjenner seg trygge på skulen. à For å få betre
tilpassa opplæring bør alle elevar ha arbeidsplanar, og
planane må à Skulen må synleggjera bruk av varierte arbeidsmåtar. à Skulen
må gje skriftleg, systematisk tilbakemelding på elevarbeid,
som à Skulen
og foreldra har ulike oppfatning av det som skjer i skulekvardagen
på
10 UTDJUPING AV UTVIKLINGSOMRÅDA à Skulen må leggja til rette for at alle elevar kjenner seg trygge på skulen
à For å få betre
tilpassa opplæring bør alle elevar ha Elevane på Kysnes skule har lekseplanar, og ikkje arbeidsplanar. Ein arbeidsplan er ein plan over alt eleven skal gjera for å læra i ein bestemt periode, på til dømes ei veke. Ut frå denne planen kan eleven avgjera sjølv kva han vil ha som lekse heime, og kva han vil gjera på skulen. Då har eleven høve til å velja å gjera oppgåver han treng lærarhjelp til på skulen, og oppgåver som han meistrar heime. Det er viktig at arbeidsplanane er oversiktlege og lette å forstå for elevane og foreldra. Arbeidsplanar
er ein god reiskap for tilpassa opplæring. Ved å gå over
frå lekseplan til arbeidsplan vert det lettare for alle partar å få oversyn
over kva elevane skal læra. Arbeidsplanen må innehalda varierte
arbeidsmåtar for at elevane skal læra å ta i bruk dei
ulike sansane sine. Læringsmål på arbeidsplanen vil
vera ei hjelp for foreldre og elevar å
forstå kvifor elevane må løysa ulike typar oppgåver
for å nå læringsmåla. Difor bør læringsmåla
vera konkretiserte på arbeidsplanane. Arbeidsplanane må gje
rom for vurdering, slik at eleven får trening i å vurdera eige
arbeid. Dersom elevane har gjennomtenkte arbeidsplanar, vert ein
slik plan den viktigaste reiskapen for å få til ei tilpassa
opplæring. à Skulen må synleggjera bruk av varierte arbeidsmåtar I løpet av skuletida skal elevane opparbeida seg god kjennskap til ulike arbeidsmåtar, slik at dei mellom anna finn ut kva måte som særleg gjev god læring hjå seg sjølve. Såleis er det viktig at skulen let elevane få øva på eit breitt spekter av arbeidsmåtar. Å vidareutvikla elevane si evne til å ta medansvar for eiga læring, vil medverka til større læringsevne gjennom heile livet (frå Stortingsmelding 30, 2003-2004). Skulen bør leggja opp til arbeidsmåtar som tek i bruk alle sansane til borna: Skapande uttrykk (dans, rollespel), munnlege uttrykksformer (framføringar i gruppa – med og utan tekniske hjelpemiddel, diskusjon, parsamtalar om eit tema), tavleformidling, høgtlesing (fellesoppleving), kommunikasjon via e-post, undersøkja problemstillingar m.m. Skulen
må gjera elevane medvitne på skilnaden mellom arbeidsmåtar
og læringsmål, dvs. mellom korleis ein utfører
ei oppgåve, og kvifor ein gjer det. à Skulen må gje skriftleg, systematisk tilbakemelding Både munnlege og skriftlege tilbakemeldingar til elevane må vera konkrete og grunngjevne. Ein skal ha elevane sine tidlegare prestasjonar som utgangspunkt og prøva å finna den rette balansen mellom krav og meistring. Vurderinga skal ha både ein motiverande og ein informerande funksjon. Positive tilbakemeldingar som ”fint” eller ”flott” må utdjupast med kva som bra. Tilsvarande må negative tilbakemeldingar utdjupast med kva eleven kan gjera betre. Ein må vurdera kva oppgåver det er nødvendig å gjennomføra grundig vurdering på. à Skulen og foreldra har ulik
oppfatning av det som skjer i Gjennom intervju med elevar, foreldre og tilsette, har vurderingsparet fått innsyn i at partane har ulikt syn på kva som skjer i skulekvardagen, dette gjeld både fagleg og sosialt. Slik vurderingsparet ser det er dette eit stort problem for alle partar, og skulen må ta tak i problemet snarast. Ved å få på plass tryggleik og trivsel gjennom det me skisserte i første utviklingsområde, kan første steget mot dette målet vera nådd. Arbeidet med dette må foreldre få følgja nøye gjennom informasjon. Gjennom auka fokus på tilpassa opplæring og innføring av arbeidsplanar vil det opna seg nye og betre måtar å informera føresette på om læringsmål, arbeidsmetodar og resultatoppnåing. Utarbeiding av nye malar for arbeidsplanar må ta høgde for dette. 11 VIDARE ARBEID ETTER OKTOBER 2004
6 månader etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende tilskulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Jondal 21. oktober 2004 Turid Solberg Mykkeltvedt Aud Opheim Lygre vurderingsgruppa i Hardanger/Voss
Vedlegg VEDLEGG 1 – spørjeskjema for 1. – 4. kl.gruppa Til elevane i 1.,2.,3. og 4. årstrinn. Kysnes skule vil få besøk frå tysdag 19/10 til torsdag 21/10-04. Me vil gjerne sjå og høyra korleis de har det på skulen. Før me kjem, vil me gjerne at de kryssar av på dette skjemaet. Kryss under J om det er slik det er, under K om det er litt slik, og under L om det slett ikkje er slik. Læraren hjelper deg om du treng det.
Takk for hjelpa! Helsing Aud og Turid. Vedlegg 2 - spørjeskjema for 5. – 7. kl. gruppa Til elevane i 5., 6. og 7. årstrinn.Kysnes skule vil få besøk frå tysdag 19/10 til 21/10-04. Me vil gjerne sjå og høyra korleis de har det på skulen. Før me kjem, vil me gjerne at de kryssar av på dette skjemaet. Set kryss under 4 dersom de er heilt samde i påstanden, glidande nedover til kryss under 0 dersom de er heilt usamde.
Helsing Turid S. Mykkeltvedt og Aud O. Lygre. Vedlegg 3 - spørjeskjema for foreldre Til foreldre og føresette ved Kysnes skule Kysnes skule får ekstern hjelp til vurdering 19 til 21. oktober. I samband med dette vil me gjerne vita meir om skulen, og ber dykk om å kryssa av på desse påstandane. Kryss under 4 dersom de er heilt samde i påstanden, glidande nedover til 0 dersom de er heilt usamde. På førehand takk!
Kryss av og send skjemaet til skulen innan torsdag 28/9-04. Helsing Turid S. Mykkeltvedt og Aud O. Lygre. VEDLEGG 4 - program for foreldremøteForeldremøte Kysnes skule – tysdag 19. oktober 2004, kl. 19.00. 1. Velkomen ved rektor. 2. Innleiing v/vurderarane · presentasjon · fokusområde skulen har valt · rapporten 3. Korleis vurderer vi? 4. Punkt til vidare drøfting ( 20 min i grupper) · Har de som foreldre inntrykk av at elevane trivst og er trygge på Kysnes skule ? · Korleis vert det jobba med temaet trivsel og mobbing på skulen? · Kva utbytte har de som foreldre av desse formene for samarbeid med skulen? Foreldremøte. Er det klima for å ta opp saker på desse møta? Konferansetimar. Er elevane med? Motiverer denne til auka interesse for skulearbeidet? · Kva rolle spelar foreldra? · Kva meiner de om elevane sine arbeidsplanar? o får de nok informasjon gjennom desse planane til å fylgja med i elevane sitt skulearbeid? o legg planane opp til varierte arbeidsmåtar? o er det viktigare å få gjort unna arbeidet på planen, enn å læra noko? · Får elevane oppgåver dei meistrar? · Får foreldre får tilbakemelding på elevane sitt arbeid? · Noko anna de har lyst til å ta opp/diskutera? 5. Framlegg i plenum. 6. Oppsummering. Turid Solberg Mykkeltvedt Aud Opheim Lygre Filene under blir opna i eige vindauga!
|
|---|