| Startsida | Vurdering skule | Vurdering barnehage | Glansbilete | Kontakt | Kurs | Lokale læreplanar | Søkeside |

 

Vurdering

<empty>Vurdering på tvers av kommunegrensene

Turnusplan for vurderingsarbeidet

Vurderingsgruppa

Oversyn vurderings-tema/fokusområde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Startsida -> Vurdering skule -> Ekstern vurdering på tvers av kommunegrensene

Ekstern vurdering på tvers av kommunegrensene

Bakgrunn (dei ville einannan så vel……):

Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr.28 (1998-99) ”Mot rikare mål ” vart det sett i gang eit treårig nasjonalt prosjekt: ”Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid.”

Statens utdanningskontor i Hordaland søkte om å vera med i dette prosjektet, men vart ikkje mellom dei utvalde.

Likevel var signala der, og kommunane vart oppmoda om å arbeida med kompetanseutvikling og vurdering.

I Hardanger/Voss – regionen er det mange små kommunar, og mange opplever ei nedbygging av skule-fagleg kompetanse på kommunenivå.

Difor var kompetanseutvikling og vurdering eit område det var naturleg å gripa fatt i som samarbeidsobjekt, slik at ein kunne få ei betre utnytting av økonomiske og menneskelege ressursar.

Erkjenninga av at saman er me sterkare enn kvar for oss, førde til at skulesjefane/dei skuleansvarlege i regionen oppretta ei vurderingsgruppe på tvers av kommunegrensene . Denne gruppa skulle vera med på å sikra kvalitetsutvikling i skulane, og var samstundes ei erkjenning av at skulane treng og kjem til å få auge utanfrå i vurderingsarbeidet.

Vurderingsgruppa vart sett saman av pedagogar frå fem av dei sju samarbeidande kommunane, nokre jobba i skulen som lærarar, andre som rektor, inspektør, og på kommunenivå.

Gruppa skal utføra ekstern vurdering av skulane i kommunane, og såleis vera med på å oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunane sitt ansvar for å sjå til at skulane jamnleg vurderer si eiga verksemd.

Mandatet til gruppa vart også utforma av skulesjefane/dei skuleansvarlege i regionen. Gruppa skulle vurdera alle dei 48 skulane i kommunane, 8 pr. år i 6 år.

Skulane vel sjølve fokusområde/vurderingstema i samråd med skulesjefane/skulefagleg ansvarleg i kommunen. To frå vurderingsgruppa vurderer kvar skule, og ekstern vert definert som ”frå ein annan kommune”, dvs. at ingen vurderer skular i eigen kommune.

Ein fot i bakken….(den andre strekkjer me litt….)

Gruppa har som motto ”Ein fot i bakken”, noko som skal uttrykkja at me set skulekvardagen i fokus, men likvel slik at skulane må strekkja seg litt ved vurderingsbesøket. Den eksterne vurderinga skal og vera hjelp til sjøvhjelp, skulane skal kunna nytta våre verktøy og metodar i den skulebaserte vurderinga parallelt og i ettertid.

Alt har sin pris, (men når me deler…….)

Organisering og drift av vurderingsgruppa er tilpassa eit nivå som dagens kommuneøkonomi kan makta. Årleg regional driftsutgift er ca kr. 300.000,-.

I denne summen ligg det at dei 9 medlemmene i gruppa får 2t/v redusert leseplikt, og utgifter til reiser, møte og diverse. 30% av denne summen vert delt likt på kommunane, 70% vert fordelt på dei som får vurdering pr. år.

Skreddarsaum (passar oftast best…..)

Denne eksterne vurderinga vert ”skreddarsydd” ut frå skulen sitt ønskje.

Først får gruppa framlegg om ønskje til fokusområde for vurdering frå skulen, saman med relevante planar som verksemdsplanar, periodeplanar, arbeidsplanar med m.m.

Det vert føreteke dokumentanalyse av vurderingsgruppa for å gjera seg betre kjend med skulen før vurderinga.

Som oftast (ut frå røynsler til no) må fokusområda skulen har valt spissast eller smalnast inn. Difor har gruppa utforma reiskapar for dette, i form av ulike spørjeskjema/avkryssingskjema som ein får dei involverte partane til å kryssa av i forkant av vurderinga. Ut frå resultata av desse kjem så gruppa fram til det endelege fokusområde for vurdering.

Dei to frå gruppa som skal vudera den aktuelle skulen, reiser på skulebesøk, for å orientera dei tilsette om korleis me arbeider, og for å reint praktisk planleggja vuderingsarbeidet.

Vurderingsparet lagar kriterium og teikn på god praksis for fokusområde, og vert samd med skulen om desse.

Dette har synt seg å vera ein svært viktig fase. Kriterium og teikn på god praksis er på ein måte ”glansbilete” av korleis tilstanden skulle vera innan fokusområde. Difor er det viktig at dei som er involverte i vurderinga er samde i og kjenne13.12.2006 i ein diskusjon om desse. Alt i denne diskusjonen har det synt seg at prosessar startar, og pedagogiske diskusjonar tek til.

Vurderingsparet vel metodar for innhenting av meir informasjon innan fokusområde, dette kan vera observasjon og intervju. Det vert utarbeidd malar for begge desse metodane. Intervjua vert haldne ”utan filter”, det vil seia at me intervjuar lærarar utan rektor tilstades, og elevar utan lærar tilstades. Her meiner me at det er ein stor føremun å vera ekstern og ukjend, det same gjeld i møte med foreldre, dersom dei er involverte.

Reint fysisk er vurderingsparet på den aktuelle skulen i max tre dagar. Då innhentar ein den informasjonen ein er ute etter ved hjelp av dei valde metodane. På grunn av avstandane i regionen har ein funne det lurt at vurderingsparet bur i nærleiken av den aktuelle skulen, for å vera så effektive som råd.

I løpet av dei tre dagane innhentar vurderingsparet den informasjonen dei er ute etter innan fokusområde, og speglar dette opp mot det glansbiletet dei var samde med skulen om på førehand. Slik kan ein så gjera ei vurdering av skulen sitt arbeid innan området.

Denne vurderinga munnar ut i ein rapport som vurderingparet skriv før dei forlet skulen. Rapporten konkluderer med skulen sin sterke sider og utviklingsområde innan det fokusområde som har vorte vurdert. Rapporten vert drøfta med rektor og personlet ved skulen før vurderingsparet reiser.

Denne rapporten er offentleg og går til kommunenivå.

I etterkant lagar så vurderingparet eit fyldigare vurderingsdokument, som er skulen sitt eige.

Dokumentet inneheld all innhenta informasjon og konklusjonane til vurderingsparet. Her vert det og gjeve råd og tips for vegen vidare.

Erfaringar ( det kan vera fine båtar i gamle naust…….)

Vurderingsgruppa har ved utgangen av september 2002 vurdert 3 skular i regionen, og i november står 4 nye for tur. Fokusområda varierer mykje, tilpassa opplæring, tiltak mot mobbing, prosjektarbeid, teamarbeid, lese- og skriveopplæring m.m., så gruppa skreddarsyr mange ulike opplegg.

Desse er det då meininga at skulane i regionen skal gjera seg nytte av i det vidare arbeidet med skulebasert vurdering.

Skulane me har vurdert til no har gjeve tilbakemeldingar om at dei opplevde ekstern vurdering som positivt og uproblematisk.

Dei tykte det var nyttig å få inn folk som såg med auge utanifrå, og at det var godt ”å verta sett”.

Dei ønskjer oppfølging i etterkant.

At vurderinga vert gjort offentleg via ein rapport er også greit.

Vurderingspara tykte arbeidet var interessant, men krevjande !

På grunn av geografi og avstander var det ein stor fordel å bu nær skulen under arbeidet, då var jobben gjort medan inntrykka var ferske.

Modellen vår virkar i praktisk arbeid, men me må vera medvitne på å ikkje ”stivna” i høve til metodar og verktøy.

Det er ei utfordring for oss og for kommunenivå i regionen at skulane ønskjer oppfølging og vidare rettleiing.

Vegen vidare (er ein anleggsveg….)

Innan våren 2003 skal 11 skular vera vurderte, og dei offentlege rapportane ligg på nettet.

Verktøy, malar, kriterium m.m. er tematiset, og ligg på ei regional nettside.

Den største utfordringa er at det må etablerast ein systematisk bruk av gruppa sitt arbeid i kommunen/regionen, slik at skulane har eit nyttig reiskap i den skulebaserte vurderinga utanom den eksterne vurderinga.

 

Gamal diktar prøver seg som modernist

 

Han med fekk hug å prøva

Desse nye styltrone.

Han har kome seg opp,

Og stig varsamt som ein stork.

Undarleg, so vidsynt han vart.

Han kan endå til telja sauene til grannen.

 

Olav. H. Hauge.


Kontaktpersonar for vurderingsgruppa :

 

Aud Opheim Lygre

Eidfjord kommune, telefon 53673531

E –post : aud.lygre@eidfjord kommune.no

 

Turid Solberg Mykkeltvedt,

Voss kommune, telefon. 56519541

E – post : turid.mykkeltveit@voss.kommune.no

 

 

 

Sist oppdatert 25.10.2006