Vurderingsgruppa er oppretta av skulesjefane i Hardanger/Voss kompetanseregion.
Kvifor vurderingsgruppe?
Føremålet er at gruppa skal vera til hjelp i arbeidet med
pedagogisk kvalitetsutvikling i skulen.
sikra kvalitetsutvikling ved skulane
erkjenning av at skulen treng, og kjem til å få «auge» utanfrå
ekstern hjelp i vurderingsarbeidet
oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunen sitt ansvar
for å sjå til at skulane jamleg vurderer si eiga verksemd
Kva gjer vurderingsgruppa?
kjem på vurderingsbesøk
vert kjent – ser og har dialog – vurderer – tilbakemelder –
ny dialog – rapport
deler si erfaring med skulen
gjev gode råd og verktøy undervegs
Motto: «Ein fot i bakken»
Vurderingsgruppa har tru på ...
det enkle framfor det svulmande
dokumentasjon framfor synsing
Kontinuitet framfor «happening»
Dette er viktig…
Skulesjefane/fagansvarleg utarbeider ein 6-årsplan for skulebesøk
i kommunane. Kommunane ved skulesjef/fagansvarleg fordeler og bestemmer
innbyrdes rekkefølgje i kommunen i dialog med rektorane/skulane
Skulane melder si interesse til kommunenivået i eigen kommune.
Skulesjef/fagansvarleg for skule melder vidare til vurderingsgruppa
om namn på skule og ynskt vurderingsområde.Vanlegvis vil
to frå vurderingsgruppa (vurderingspar) reisa til den enkelte
skule.
Ingen i gruppa reiser til skular i eigen kommune.
Vurderingsparet tek kontakt med skulen det gjeld, presenterer
og vel ut fokusområde.
Tidsplan for vurderinga vert avtalt.Vurderingsparet får verksemdsplan
og annan informasjon som er viktig i førebuingsarbeidet.
Vurderingsparet avtalar møte med skulen, der vurderingsarbeidet
m.m. vert drøfta.
Vurderingsparet er på skulebesøk i inntil ei veke,
i dialog med samarbeidspartane. Rapporten skal vera konkret og til
hjelp.
I etterkant utarbeider paret ein rapport, etter drøfting med
dei som har vore med.
Eit meir omfattande dokument vert utarbeidd til intern bruk på skulen.