| Startsida | Vurdering skule | Vurdering barnehage | Glansbilete | Kontakt | Kurs | Lokale læreplanar | Søkeside |

 

Klar for Kunnskapsløftet?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Startsida

-> Interesse for vurderingsmetodikken vår

20.10.2006

Interesse for vurderingsmetodikken vår

Regionar med små- og mellomstore kommunar syner interesse for Hardanger/Voss sin modell med ekstern vurderingsgruppe og eigenutvikla vurderingsmetodikk. Fleire regionar har no etablert eksterne vurderingsgrupper og nyttar vår metodikk:

Midthordland

v/kommunane Austevoll, Fusa, Os, Samnanger, Tysnes og Vaksdal oppretta vurderingsgruppe med 11 vurderarar etter modell av Hardanger/Voss i 2004.

Nord-Møre regionen

m/kommunane Kristiansund, Frei, Surnadal, Rindal, Tingvoll, Averøy, Tustna, Smøla, Aure og Halsa oppretta ei ekstern vurderingsgruppe på 25 personar i 2004/05

Nordre Sunnmøre - regionen

m/kommunane Giske, Haram, Ålesund, Sula, Skodje, Nordal og Stranda har også
ei interkommunal vurderingsgruppe etter modell av Hardanger/Voss. Vart oppretta i 2005.

Søre Sunnmøre – ”Sjustjerna”

v/kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda har ei vurderingsgruppe på 13 personar og har arbeidd etter modellen vår i eitt år.

HAFS-kommunane

m/ kommunane Askvoll, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger og Fjaler vedtok innføring av Hardanger/Voss-modellen våren 2005. Dei hospiterer hjå oss i haust og går i gang med eiga vurdering våren 2007.

Elles er nokre regionar i Agder i ferd med å planleggja innføring av Hardanger/Voss-modellen.

Tilbake

 

 

 

Sist oppdatert 25.10.2006