| Startsida | Vurdering skule | Vurdering barnehage | Glansbilete | Kontakt | Kurs | Lokale læreplanar | Søkeside |

 

Skulevurdering med eit eksternt blikk

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Startsida-> Skulevurdering med eit eksternt blikk

Skulevurdering med eit eksternt blikk

 

I dette landet har vi mange små kommunar som kvar for seg ikkje maktar å gjennomføra ei ekstern vurdering. Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i Hardanger/Voss har oppretta ei regional vurderingsgruppe for dei 8 kommunane i regionen. Gjennom eit regionalt samarbeid har vi samla økonomiske og faglege ressursar som vert nytta på tvers av kommunegrensene, til beste for alle dei 47 grunnskulane i regionen vår.

Islagd elv

Bakgrunn

Arbeid med vurdering og kvalitet i skulen er ei nasjonal satsing. Korleis kan skuleeigar medverka til at dei sentralt initierte elementa får god grobotn i den enkelte skule ? Vi meiner at ei slik realisering kan lukkast dersom

  • det slår rot lokalt
  • den enkelte skule kan gjera det til sitt eige ut frå den ståstaden skulen har
  • satsinga vert forankra på lokalt og regionalt nivå

Erkjenninga av at saman er vi sterkare enn kvar for oss, førte til at skulesjefane/dei skuleansvarlege i regionen har oppretta ei vurderingsgruppe på tvers av kommunegrensene. Denne gruppa skal vera med på å sikra kvalitetsutvikling i skulane, og oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunane sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderer si eiga verksemd. I tillegg erkjenner kommunane at skulane treng og kjem til å få auge utanfrå i vurderingsarbeidet.

Kven er vurderarar?

Vurderingsgruppa består av 10 personar med variert, pedagogisk bakgrunn. Dei har vurderingsoppgåva som ein liten del av det daglege arbeidet sitt. Gruppa skal vurdera alle grunnskulane i regionen etter tur. Ingen i gruppa vurderer skular i eigen kommune. Difor ser vi på dette som ekstern vurdering.

Vurderingsgruppa er sett saman av pedagogar frå seks av dei åtte samarbeidande kommunane. Nokre jobbar i skulen som lærarar, andre som rektor eller inspektør. To i gruppa har arbeidet sitt på kommunenivå.

Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i regionen har vedteke eit mandat for vurderarane. Gruppa vurderer 8 skular pr år etter eit oppsett som kommunane har laga. I løpet av 6 år skal alle skulane i regionen hatt ekstern vurdering.

Ikkje skilje mellom ekstern og intern vurdering

Vurderingsgruppa har arbeidd ut sin eigen metodikk og sitt eige system for realisering av dei nasjonale føringane. Eva Bendiksen hjå Fylkesmannen i Hordaland si utdanningsavdeling har vore ei god hjelp og støtte i dette arbeidet.

Vurderingsgruppa legg vekt på å sjå intern og ekstern vurdering i samanheng. Vi vil bort frå førestellinga om at all intern vurdering fører til utvikling, medan ekstern vurdering berre er kontroll. Modellen vår er med på å viska ut skiljet mellom det eksterne og interne. Såleis legg kommunane opp til at den eksterne modellen skal nyttast som arbeidsmåte i den enkelte skule når dei driv si årlege, skulebaserte vurdering. Ut frå denne tanken har dei fleste kommunane i Hardanger/Voss vedteke ein nokså lik handlingsplan for vurdering i skulane og barnehagane. Desse planane inneheld mellom anna eit 3-årshjul for val av vurderingsområde. Døme på slik plan kan du finne her

Alt har sin pris, men vi deler……

Organisering og drift av vurderingsgruppa er tilpassa eit nivå som dagens kommuneøkonomi kan makta. Årleg, regional driftsutgift ligg på kr 3 - 350.000. Dette vert delt på dei 8 kommunane etter ein spesiell utgiftsnøkkel. I denne summen ligg mellom anna at medlemmene i gruppa får 2t/v redusert leseplikt, og utgiftsdekking til reiser og møte.

Vurderingsmodellen vår

Denne eksterne vurderinga vert ”skreddarsydd” ut frå skulen sitt ønskje. Dette inneber at skulen får velja kva han område han skal verta vurdert på, i samråd med skulesjef/skulefagleg ansvarleg i eigen kommune. Området som vert valt, vert vurdert opp mot lov, forskrift og læreplan

To vurderarar nyttar ca 45 arbeidstimar til førebuing, konkret gjennomføring av vurdering på den aktuelle skule og rapportskriving. Kvart vurderingspar vurderer to skular pr år.

Modellen vår:

  • Skulen vel fokusområde for vurdering, i samråd med skulefagleg ansvarleg/skulesjef. Vurderingsgruppa får melding om val.
  • Vurderingsgruppa førebur vurderingsarbeidet gjennom eit fyrste møte med skulen, utarbeiding av kriterium, metodeval og lagar verktøy tilpassa fokusområdet. Arbeid med kriterium har synt seg å vera ein viktig fase i prosessen. Kriterium og teikn på god praksis er på ein måte ”glansbilete” av korleis tilstanden skal vera innan fokusområdet. Difor er det viktig at dei som er involverte i vurderinga er samde i og kjenner eigartilhøve til kriteria, og er aktivt med i ein diskusjon om desse. Alt i denne diskusjonen har det synt seg at prosessar startar, og pedagogiske diskusjonar tek til.
  • To frå vurderingsgruppa gjennomfører eit vurderingsbesøk på skulen i inntil 4 dagar. Vurderingsparet vel metodar for innhenting av meir informasjon innan fokusområdet, dette kan vera observasjon og intervju. Det vert utarbeidd malar for begge desse metodane. Vi intervjuar lærarar åleine og i grupper. Elevane har vi helst samtalar med i grupper. Vi opplever det som ein stor føremon å vera ekstern og ukjend. Det same gjeld i møte med foreldre, dersom dei er involverte. I løpet av dei tre-fire dagane dei er på skulen, hentar vurderingsparet inn den informasjonen dei er ute etter innan fokusområdet, og speglar dette opp mot det glansbiletet dei var samde med skulen om på førehand. Slik kan ein så gjera ei vurdering av skulen sitt arbeid innan området.
  • Det vert utarbeidd ein vurderingsrapport som er offentleg. Rapporten peikar mellom anna på skulen sine sterke sider, skulen sine utviklingsområde og vurderingsparet sine framlegg til tiltak. Rapporten vert drøfta med rektor og personalet ved skulen før vurderingsparet reiser. Rapporten er offentleg og går til kommunenivå. I kommunane er det vanleg at rapporten vert lagt fram for fagpolitisk utval, formann- skap eller kommunestyre.
  • Skulen får også eit rapportvedlegg; dvs. ei utdjuping av rapporten. Her får skulen meir informasjon om resultat av undersøkingar, observasjonar, intervju og møte som vurderingsparet har gjennomført. Rapportvedlegget vert berre sendt skulen, og er ikkje eit offentleg dokument. Dokumentet inneheld all innhenta informasjon og konklusjonane til vurderingsparet. Her vert det og gjeve råd og tips for vegen vidare.
  • Vurderingsparet lagar også ein mal for skulen si oppfølging av tiltaka. 6 månader etter at ein skule har fått vurdering, fyller skulen ut rapportmalen, og gjer greie for kva tiltak skulen har sett i verk. Denne rapporten vert sendt kommunenivået i eigen kommune.
  • Vurderingsgruppa har laga brosjyren ”Hjelp til vurderingsarbeid”, som er sendt til alle skulane i regionen.

Positive erfaringar

Gruppa førebudde vurderingskonseptet i perioden august 2001 til februar 2002. Dei 2 fyrste skulane vart vurderte i april 2002. Innan utgangen av mars 2004 er 17 skular vurderte.

Skulane har meldt attende:

  • Positivt og uproblematisk å få ekstern vurdering.
  • Viktig med god informasjon i framkant – det vart mindre "farleg".
  • Stort sett er det ingen overraskingar i vurderingsparet sin rapport til skulen, men at tilbakemeldinga er skriftleg og ekstern gjer det meir forpliktande.
  • Viktig med konkrete råd og tips etterpå. Oppfølging frå vurderingsgruppa i etterkant er ynskjeleg frå fleire av skulane.
  • Uproblematisk med offentleg rapport.

Vegen vidare - ein anleggsveg

  • Innan mars 2004 har vi eksternvurdert 17 skular, og meiner med det at vi er i ferd med å få god erfaring med skulevurdering. Vurderingsgruppa i Hardanger/Voss reknar likevel ikkje med å få nokon ferdig modell for vurderinga. Vi kjem til å vera under kontinuerleg utvikling, både ut frå dei erfaringar vi gjer, og ikkje minst med bakgrunn i nye, statlege vedtak som vi må tilpassa opplegget vårt til.
  • I februar 2004 arrangerer vurderingsgruppa ei regional leiaropplæring i vurderings- modellen vår. Vi erkjenner at det vert lite tid til ”medlæring” under hektiske vurderingsdagar på den enkelte skule. Ein fagdag vil gje oss tid og rom til å gjera skuleleiarane våre betre kjende med modellen, og høve til utprøving under rettleiing.
  • Vi er byrja setja fokus på elevvurdering i vurderingsmodellen vår. Vi har laga kriterium for ulike sider ved undervegsvurdering og tilbakemelding til elevar. Skuleåret 2003/04 vert nytta til å prøva ut og hausta erfaring med oppsettet vårt.
  • 'Det er ”farleg” å sidestilla informasjonsinnhenting i vurderingsarbeid med spørjeskjema. Såleis kjem vurderingsgruppa til å arbeida med alternative metodar for informasjonsinnhenting i ekstern vurdering, t.d. loggskriving over tid. I tillegg vil vi sjå på nytten av sentralt utarbeidde reiskapar.
  • Rektorrapportane over kva den eksterne vurderinga har ført til er byrja koma inn til kommunane. Desse vil vera ein viktig peikepinn på om den eksterne vurderinga er ein viktig faktor for vidareutvikling av kvalitet i skulen, og om vurderingsgruppa bør gjera endringar i opplegget sitt.

Vurderingsgruppa er undervegs, men ikkje i mål !

 


Kontaktpersonar for vurderingsgruppa:

 

Litteratur

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 1997: Nasjonalt vurderingssystem for grunnskolen
  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 1998: Rettleiing L-9 Elevvurdering.
  • Læringssenteret 2002: Ekstern deltaking i lokal vurdering – fellesrapport, publikasjon 5
  • Læringssenteret 2003: Analyse av elevinspektørene
  • Læringssenteret 2003: Karakter – mer enn karakter. Debatt om elevvurdering i grunnopplæringen.
  • Norges offentlige utredninger NOU 2002: Delinnstilling av 14.06.02 fra Kvalitetsutvalget: ”Førsteklasses fra 1. klasse”
  • Norges offentlige utredninger NOU 16 2003: Innstilling av 5. juni 2003 I første rekke. Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle.
  • Oslo kommune, skoleetaten: Kvalitetsbarometer
  • Statens utdanningskontor Sogn og Fjordane 2001: Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid, nasjonalt prosjekt trinn II
  • Stortingsmelding 28 (1998-1999): ” Mot rikare mål”.
  • Vurderingsgruppa i Hardanger/Voss 2002: ”På rett spor”. Referat frå studietur til Sogndal.

Tilbake

 

 

 

Sist oppdatert 21.07.2011