| Startsida | Vurdering skule | Vurdering barnehage | Glansbilete | Kontakt | Kurs | Lokale læreplanar | Søkeside |

 

Utdanningsdirektoratet nyttar vurderings-metodikken til Hardanger/Voss

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Startsida

-> Utdanningsdirektoratet nyttar vurderingsmetodikken til Hardanger/Voss

20.10.2006

Utdanningsdirektoratet nyttar vurderingsmetodikken til Hardanger/Voss

18 av skulane som har fått støtte i det nasjonale ”Program for skoleutvikling” har i haust fått ekstern vurdering av dei hovudutfordringane skulane skal arbeida med i utviklingsprosjektet sitt. Utdanningsdirektoratet trong ein metodikk for å gjennomføra arbeidet på skulane. Dei valde å nytta metodikken til Hardanger/Voss kompetanseregion. Aud Opheim Lygre og Turid Mykkeltvedt er frikjøpte for å hjelpa Utdanningsdirektoratet i dette arbeidet.

Mona Skaret er prosjektleiar for den nasjonale satsinga og grunngjev Utdanningsdirektoratet sitt val slik:

”De ulike trinnene i vurderingen og den brede involveringen av ansatte, elever og foreldre, er helt i tråd med nyere forskning om endringsledelse og organisasjonsutvikling. Samtidig er metodikken utviklet gradvis gjennom praktisk bruk og har overlevd møtet med 35 barne- og ungdomsskoler i Hardanger/Voss-regionen siden 2001. I tillegg vet vi at Hardanger/Voss sin metodikk nå er tatt i bruk på skoler i 30-40 andre kommuner. Program for skoleutvikling skal ikke bare være til glede for de kommunene som har fått innvilget støtte til sitt prosjekt. Det er minst like viktig å fremskaffe erfaringer og verktøy som kan benyttes av andre skoler etter at de statlige midlene tar slutt. Da må vi bygge videre på tilnærminger og verktøy som lever videre også etter at den første entusiasmen har lagt seg”.

 

Katten sit i tunet når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

- Olav H. Hauge-

Katt

Utdanningsdirektoratet har ikkje endra dei viktigaste elementa i metodikken, som val av vurderingstema, utforming av glansbilde, informasjonsinnhentinga, konklusjonsarbeidet og rapportsystemet.

Direktoratet har gjort følgjande tilpassing av metodikken til bruk i Program for skoleutvikling:
- Skulen sitt val av vurderingsområde er grunngjeve i ei kvalitetsvurdering med brei involvering av leiarar og tilsette (Ståstadsanalyse)

  • Vurderingsarbeidet omfattar ikkje berre arbeidet med elevane og pedagogikken, men gjeld like mykje samhandling, leiarskap og endringsarbeid på skulen (organisasjonsanalyse)
  • Samsvar mellom det utviklingsarbeidet skulen er i ferd med å starta opp og resultatet av den eksterne vurderinga skal diskuterast og kommenterast
  • Erfarne skulevurderarar gjennomfører oppstartprosessen i samarbeid med det kompetansemiljøet som skal følgja skulen vidare i utviklingsarbeidet deira.
  • Betre dokumentasjon og fagleg grunngjeving av metodikken i form av ei arbeidsbok
  • Testing og tilpassing av metodikken for bruk i vidaregåande skular

I september 2006 har 18 vurderarar, mellom anna 7 frå Hardanger/Voss, testa ut den reviderte metodikken på 18 skular rundt om i landet i samarbeid med fag- og kompetansemiljø som skulane sjølve har valt ut. Erfaringane frå denne fyrste runden vert innarbeidde i ei arbeidsbok som skal publiserast på nyåret.

Etter modell frå Hardanger/Voss kompetanseregion, ynskjer Utdanningsdirektoratet å leggja til rette for kunnskapsdeling og spreiing av metodikken ved å offentleggjera vurderingsrapportane, glansbilda og andre malar som er utarbeidde på ulike vurderingstema, i tillegg til den offisielle arbeidsboka.

Tilbake

 

 

 

Sist oppdatert 25.10.2006